Aktuelt frå kommunen

Feiande flott Egner-fest

Elevar frå kulturskuletimen på Holdhus og Eikelandsosen skular på scenen i samfunnshuset i Eikelandsosen saman med musikarar frå Forsvaret. - Klikk for stort bileteElevar frå kulturskuletimen på Holdhus og Eikelandsosen skular på scenen i samfunnshuset i Eikelandsosen saman med musikarar frå Forsvaret. Ottar Midtrød

 

Fusingar i alle aldrar hadde funne vegen til samfunnshuset i Eikelandsosen søndag då Muntre musikantar frå Forsvaret baud inn til Egner-fest saman med elevar frå kulturskuletimen på Holdhus og Eikelandsosen skular. Det vart litt av ein fest! 

Musikalsk samarbeid

Forsvarets musikk er på Noregs-turne med Rikskonsertane med familiekonserten "Karius & Baktus på nye eventyr". Både Sjøforsvarets musikkorps, Forsvarets stabsmusikkorps og Kongelige norske marines musikkorps stod på spelelista. Fusa er ein av to kommunar i Hordaland som har fått besøk.

Dei hadde òg med seg dyktige songsolistar og forteljar, som verkeleg fekk publikum med seg. Og så samarbeidde dei med song- og speleglade elevar frå musikkskuletimen frå skulane på Holdhus og i Eikelandsosen.

Egner-klassikarar

Publikum fekk høyra den eine klassikaren etter den andre frå Torbjørn Egner sitt eventyrlege univers. Manus til denne førestillinga var laga av Ola Bremnes. Han let Karius og Baktus ta oss med på ei reise innom både Hakkebakkeskogen, Kardemommeby, Kaptein Sortebill og Dyrene i Afrika. Eit begeistra publikum let seg riva med.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30