Aktuelt frå kommunen
Margrethe Øhlander Ask ønskjer alle velkommen i biblioteket. | Fotograf: Erik Vangsnes
Laurdag kan Margethe Øhlander Ask ønska velkomen til fast laurdagsope bibliotek. fotograf Erik Vangsnes

Fast laurdagsope i biblioteket

Fusa folkebibliotek som held hus i Kommunetunet i Eikelandsosen får fast laurdagsope kvar laurdag frå 1. september. Opningstida er kl 10.00-14.00.

Biblioteket har gjennom fleire år hatt laurdagsope ein laurdag i månaden. No vert tilbodet utvida for å gje eit betre tilbod til publikum.

Bokbussen vart nedlagt ved utgangen av 2011 og fast laurdagsope bibliotek i Eikelandsosen var eit av tilboda som skulle avhjelpa dette bortfallet. Truleg vert det lettare for fusingane å nytta bibliotektenestene når det vert betre opningstider i helga. Laurdagsope bibiliotek er også med på å styrka sentrumsfunksjonane i Fusa, noko som er eit mål i den nyss vedtekne kommuneplanen.

Seinare i haust vert det også gjesting av bokbåt på Baldersheim, i Strandvik og på Vinnes.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.08.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30