Aktuelt frå kommunen

Farstad vert assisterande rådmann

Portrett av Elisabeth Farstad. Foto. - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Loodtz

Elisabeth Farstad (54) er tilsett i stillinga som assisterande rådmann i Fusa kommune. Ho kjem frå stillinga som nestleiar og økonomiansvarleg i Seksjon informasjon i Bergen kommune.

Farstad har leiarutdanning frå Universitet i Bergen sitt studium i Arbeids- og organisasjonspsykologi og har utdanning i journalistikk og medievitskap frå University of Oregon i USA. Ho har vore rådgjevar og redaktør og har hatt ulike leiarstillingar i informasjonsavdelinga i Bergen kommune dei siste åtte åra. Ho har fungert som informasjonsdirektør i opp mot to år.

Den nye assisterande rådmannen har òg arbeidd i TV 2 og i lokalavisa Dagningen i Lillehammer.

Farstad tek til i stillinga 1. oktober 2015. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30