Aktuelt frå kommunen

Færre fusingar

Åtte postkassar i eit stativ. Foto. - Klikk for stort bilete Folketalet i Fusa minka med 59 personar i 2018. Det utgjer ein nedgang på 1,5 %. Ved inngangen av 2019 var 3 861 personar folkeregistrerte i kommunen. Nedgangen skuldast fødselsunderskot og netto utflytting.

Fødselsunderskot

Det vart fødd 16 færre enn dei som døydde i Fusa i 2018. Fødselstala i Fusa har sidan 2012 vore rundt pluss/minus 30. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal (tabell 01222) vart det i fjor fødd berre 25 barn i Fusa. Me følgjer såleis trenden her i landet: Det vert fødd færre barn. Dette tok som kjend statsministeren opp i nyårstalen sin. Det vart fødd 55 100 barn i Noreg i 2018. Det samla fruktbarheitstalet var på 1,56 barn pr. kvinne – det lågaste som er målt her i landet nokon gong. 

Av nabokommunane våre hadde både Tysnes (-13) og Kvam (-2) fødselsunderskot. I Os (+ 141), Samnanger (+ 11) og Kvinnherad (+ 7) var det fødselsoverskot.

Mindre tilflytting

Dei siste åra har tilflytting frå utlandet - innvandring - medverka sterkt til at folketalet i Fusa har auka. Dette gjeld både arbeidsinnvandring, busetjing av flyktningar og anna innvandring frå utlandet. I 2018 var det fleire som utvandra enn innvandra til Fusa: Det flytta 12 personar til Fusa frå utlandet, medan 17 utvandra. 

I tillegg var den innanlandske tilflyttinga ein god del lågare enn fråflyttinga: 96 personar flytta til Fusa frå andre kommunar i landet, medan 134 personar melde flytting frå Fusa. Dermed vart talet for netto innflytting (innanlandsk og utanlandsk) negativt: minus 43 personar.

Nedgangen i folketal fordeler seg over heile kommunen. Frå langt tilbake har Fusa vore delt i 19 såkalla grunnkrinsar, og SSB opererer framleis med desse (tabell 04317). Det er nedgang i 11 av desse. Fordelt etter dagens offentlege skulekrinsar, har nedgangen vore størst på Fusahalvøya: -27 personar. Eikelandsosen med Hålandsdalen har minus 18, medan både Nore Fusa og Søre Fusa har minus 7.

Korleis gjekk det med naboane?

Folketalet auka i to av kommunane i nærområdet: Os med pluss 231 innbyggjarar til 20 804, og Samnanger med pluss to til 2 465. Folketalet gjekk ned både i Tysnes kommune (- 11 til 2 846), Kvam (- 14 til 8 441) og Kvinnherad (- 43 til 13 137).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30