Aktuelt frå kommunen

Fargesterk vårutstilling frå Raul

Opning av påskeutstillinga til Raul Damiao Jesus i Glasgato i Kommunetunet 11. april ved kulturleiar Erik Vangsnes. - Klikk for stort bileteOpning av påskeutstillinga til Raul Damiao Jesus i Glasgato i Kommunetunet 11. april ved kulturleiar Erik Vangsnes. Terje Søviknes Torsdag 11. april var det ei høgtidleg utstillingsopning i Kommunetunet i Eikelandsosen. I det som vert kalla Glasgato kan du no oppleva dei fargesterke arbeida til Raul Damiao Jesus.

Latinsk og norsk, eksperimentelt og klassisk

Raul er opphavleg frå Portugal, noko du kan sjå både i motiva og i eit latinsk lynne i fargevalet. Etter fleire år i Norge er Raul likevel tydleg inspirert av det norske landskapet. I utstillinga finn du motiv både frå Eikelandsosen og andre stader her vest.

Raul er ikkje redd for eksperimentera, men har òg sansen for det klassiske innan målarkunsten som stilleben. Her er noko for einkvar smak.

Vårutstilling

Under utstillingsopninga torsdag fekk Raul velfortent ros av kulturleiar Erik Vangsnes for å setja farge på tilværet, både for dei tilsette i Kommunetunet og gjester på bygget.

Utstillinga er ei salsutstilling og er open i Kommunetunet si opningstid. Med denne utstillinga har Fusa fått ein attraksjon både i påsken og vidare utover våren. 

Fotograf: EMBV Kulturleiar Erik Vangsnes overrekte blomar til kunstnaren Fotograf: Terje Søviknes
Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 11.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30