Aktuelt frå kommunen

Fare for skogbrann - hugs bålforbodet!

Brennande bål ute i naturen. Foto. - Klikk for stort bilete

Brannsjef Gunnar Hatlelid minnar om at det er eit generelt forbod mot å gjera opp eld i skog og mark frå 15. april til 15. september.

Skogbotnen er mange stader i ferd med å tørka opp etter vinteren. På denne tida av året skal det ofte ikkje meir til enn ei sigarettglo eller ein liten gneist for at gamalt gras, planterestar eller kvist tek fyr. Brannsjefen ber difor om at innbyggjarane viser respekt for bålforbodet. 

 
Uforsiktig omgang med eld, slik som bålbrenning og grilling, er dei vanlegaste grunnane til at det vert brann i skog og mark, fortel brannsjefen. 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 17.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30