Aktuelt frå kommunen

Fare for flaum

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaumfare på oransje nivå i Fusa torsdag og fredag. Førebu deg for å avgrensa konsekvensane. Følg med på varsom.no og følg råd frå "Din beredskap"! 

Kva betyr oransje flaumnivå?

I følgje NVE si nasjonale teneste for varsling av flaum, jord-, sørpe- og flaumskredfare vil oransje aktsemdsnivå for flaum seia at det er fare for vassføring/vasstand som kan medføra omfattande flaum og flaumskadar på utsette stader. Bygg og infrastruktur nær vassdrag er spesielt utsett.

Korleis kan du førebu deg?

Flaum kan føra til store øydeleggingar. Dersom flaumen er varsla på førehand, kan du førebu deg og avgrensa konsekvensane. NVE har følgjande råd:

  • I utgangspunktet bør du halda deg unna elvar/bekkar med stor vassføring, m.a. fordi erosjon langs elve- og bekkeløp kan utløysa skredfare.
  • Hugs at elva du kryssar i dag, kan vera ganske mykje større når du skal tilbake.
  • Sørg for å halda avløpsvegar opne. Stikkrenner og sluk må reinsast for at vatnet skal renna unna.
  • Har du eignedelar/gjenstandar nær elv/innsjø i område der det er varsla flaum, bør du vurdera å trekkja dei lenger unna breidda.
  • Dei som oppheld seg i område der det tidlegare har vore flaumskadar, bør vera spesielt obs.

"Sikker hverdag" sine tips før ein evt. flaum:

  • Rydd hagen for lause gjenstandar.
  • Flytt eller sikra større gjenstandar som båt eller campingvogn.
  • Rens takrenner, avløpsrøyr og sluk.
  • Rydd verdiar og elektriske apparat opp frå kjellaren.
  • Lukk vindauge og dører godt til. 

Gult skrednivå

I tillegg melder NVE jordskredfare på gult nivå i Fusa onsdag og torsdag. Gult aktsemdsnivå for jordskred vil seia at ein forventar nokre skred, og at det kan skje enkelte store hendingar.

Råd:

  • Reins dreneringsvegar i spesielt utsette område.
  • Ver obs i utsette område - oftast bratt terreng og langs bekkar og elveløp.
  • Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret og den hydrologiske situasjonen.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30