Aktuelt frå kommunen

Fakturering og purring av kommunale avgifter og eigedomsskatt

Takstolar. - Klikk for stort bilete GROM

Faktura for kommunale avgifter for fyrste halvår 2013 er på veg i posten. Purring av ubetalte fakturaer (kommunale avgifter og eigedomsskatt) vart sendt ut i april. Vi ber deg som har spørsmål knytt til purringa om å lesa ei kort orientering her.

Kommunale avgifter
Fakturaer for dei kommunale avgiftene for første halvår 2013 er produsert. Dei vert no sende ut og kan ventast i posten innan byrjinga av veke 20. Desse fakturaene forfell til betaling 25.05.13. Informasjon om betalingssatsar for 2013 finn du i gebyrregulativet (PDF, 412 kB).

 


Purringar kommunale avgifter og eigedomsskatt
Det er også sendt ut purringar på ubetalte kommunale avgifter og eigedomsskatt for 2012 og 2. halvår 2011.
Forfall på purringane var 30.04.13.

Purring er sendt ut fordi vi ikkje har registrert innbetaling. Det er mange som tek kontakt med kommunen for å fortelja at opphavleg faktura er betalt. Vi må i slike tilfelle be om at innbetaling vert dokumentert.

Vi treng opplysningar om fylgjande:

  • betalar
  • beløp
  • kidnummer brukt ved innbetaling
  • kontonummer summen er betalt til
  • dato for innbetaling 

Dersom du ikkje har denne dokumentasjonen sjølv, må du kontakta banken din for å få opplysningane. Fusa kommune har ikkje innsyn i bankkontoane til kundane.

Dokumentasjon kan sendast elektronisk eller i papirform til Fusa kommune:

Vi beklagar på det sterkaste at det ikkje har vorte sendt ut purringar tidlegare, men vi har ikkje hatt kapasitet til å fylgje dette opp grunna ekstraarbeid med innføring av nytt økonomisystem.

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 10.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30