Aktuelt frå kommunen

Europeisk skuleradiobesøk

Logoen til Comenius-prosjektet "European School Radio - The voice of young Europeans". - Klikk for stort bilete Fusa vidaregåande skule er med i eit Comenius-prosjekt kalla ESR: "European School Radio – The voice of young Europeans". Fusaelevar har i år vore med på utvekslingsopphald i fleire europeiske land. Denne veka er dei vertskap for elevar og lærarar frå dei åtte andre landa som deltek. 

I perioden 28. september til 5. oktober er Fusa vgs vertskap for elevar og lærarar frå Tyrkia, Hellas, Bulgaria, Italia, Portugal, Belgia, Tyskland, og Tsjekkia, til saman om lag 45 personar. Gjestene bur i hytter på Skjelbreid, med catering dels der, dels på skulen. 

Kulturutveksling gjennom nettradio

ESR-prosjektet inneber at elevar frå Europa lagar radioprogram, både kvar for seg og saman under "workshops" rundt i dei ulike landa som er med. Dei overordna måla er at elevar og skular skal kommunisera direkte; ved å skapa, publisera og la seg informera om faglege, kulturelle og aktuelle saker i kvardagen, fortel prosjektkoordinator Mette Holmefjord Olsen

Opphavleg var det ein gresk skule som utvikla ideen med undervisningsradioprogram på nett. Ni land gjekk saman om søknad til EU/EØS om Comenius midlar for å gjera dette internasjonalt. Nettradiosendingane er opne for alle interesserte og kan i skuleåret  høyrast på www.europeanschoolradio.blogspot.gr

Naturfag og realfag i Fusa

Tema er fordelt mellom dei ulike medlemslanda. Fusa vidaregåande skal mellom anna ha fokus på naturfag og realfag.

I eit innhaldsrikt program skal gjestene, som alle kjem frå storbyar, få oppleva kvardagen på skulen og livet på landsbyda. Dei skal ta turen innom Hardanger, oppom Bydastølen, ut på fiske, opp i fjellet og ut i bedrifter - det siste for at lærarar og elevar frå Europa skal få sjå korleis ein driv yrkesopplæring her i fylket.

Onsdag 2. okt vert det direktesending frå Fusa vidaregåande skule ca kl 13:20. Følg med på http://fuv.no

Ta vel imot dei!

Ei slik stor gruppe vil sjølvsagt visa att i Fusabygda, og vertskapet på Fusa vidaregåande skule vil setja stor pris på om innbyggjarane helsar velkommen og tek vel imot dei internasjonale gjestane, både i løyper, på butikkar og på fiskeplassen! avsluttar Mette Holmefjord Olsen.

 

Sjå elles:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30