Aktuelt frå kommunen

Etablerarkurs våren 2016

BRB-etablerarkurs våren 2016 - studentar i Bergen - Klikk for stort bilete

Har du tankar om å starta eiga verksemd? Etablerersenteret i Bergen tilbyr 15 kurs (PDF, 128 kB) denne våren for potensielle gründerar i bergensområdet. Påmeldinga er starta.

I fjor gjekk over 300 gründerar på kurs hjå Etablerersenteret, og dei alle fleste av dei har realisert draumen om å starta si eiga bedrift. For å imøtekoma auka etterspørsel etter kurs for dei som ønskjer å starta si eiga verksemd, aukar Etablerersenteret talet på kurs både på norsk og på engelsk. Treffpunkt er ein nettverksarena for gründerar, og også talet på Treffpunkt vert auka våren 2016 til fem. 

Større sjanse for å lukkast

– Tar du et etablererkurs, lærer du å takle noen av de utfordringene du støter på som nyetablerer. Dessuten får du et nettverk med andre gründere, noe som er gull verdt for erfaringsutveksling, seier rådgjevar Sidsel Humberset ved Etablerersenteret i Business Region Bergen. 

Kurspakka ABC Etablering er sett saman av tre kurs som gir grunnleggjande kunnskap om m.a. selskapsform, offentlege avgifter, forretningsplan, marknadsføring og økonomiforståing. Prisen for heile kurspakken er kr 1 300. 

Omstilling

Sidsel Humberset (t.v.) og June Kristiansen. - Klikk for stort bileteSidsel Humberset (t.v.) og June Kristiansen. BRB Det bles ein omstillingsvind over landet, og med aukande arbeidsløyse er det fleire som testar ut idéar og ønskjer å setja i gang si eiga verksemd. 

– Vi har merket økningen i arbeidsledigheten, og at flere av dem ønsker å starte for seg selv. Derfor økes nå frekvensen på kursene våre, og vi vurderer også om vi skal ta inn nye tema på både kursene og på Treffpunkt for å imøtekomme andre behov enn det vi har sett tidligere. Vi får også flere fremmedspråklige som ønsker å delta på etablererkurs, derfor legger vi til rette for flere kurs på engelsk, og utvider tilbudet på engelsk til også å omfatte økonomikurset vårt, sier Humberset. 

Nettverksarena

Treffpunkt er ein god nettverksarena for gründerar. Mange nyetablerarar er åleine, og treng nokon å bryna idéane sine på og å utveksla erfaringar med.

– Vi har stor og god oppslutning om Treffpunkt, og vi forsøker å finne frem til gode og interessante tema hver gang. Vi har vært innom tema som blant annet sosiale medier, regnskap, styresammensetning og hvordan bygge nettverk. Vi legger opp til ti Treffpunkt i løpet av året – fem i vårsemesteret. Akkurat nå er vi i innspurten med å få på plass vårens program. Merk deg 10. februar – det er første Treffpunkt i 2016, oppfordrar rådgjevar June Kristiansen ved Etablerersenteret.

Påmelding

Sjå kursoversikt frå Etablerersenteret (PDF, 128 kB). Du kan ta kurspakka ABC Etablering eller enkeltståande kurs. 

Sjå meir informasjon og påmelding.

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30