Aktuelt frå kommunen

Endringar i barnehagetilbodet

Fisking - Klikk for stort bilete Kommunestyret har vedteke at det f.o.m. 1.1.2013 berre skal vera tilbod om to typar plass i dei kommunale barnehagane i Fusa: 60 % og 100 %. Dei som til no har hatt 40, 50 eller 80 % plass, må velja om dei ønskjer 60 % eller 100 % plass for barna sine.

 

Satsar

Betalingssatsen for full plass er uendra makssats, for tida kr 2 330 pr mnd. Satsen for 60 %plass har kommunestyret sett til kr 1 700 pr mnd. Prisjusteringa vert gjort f.o.m. 1.2.2013.

 

Søskenmoderasjon

Det vert gjeve søskenmoderasjon med 25 % for barn nr 2 og 50 % for barn nr 3.

 

Feriestenging i juli

Det vert feriestengt i juli i barnehagane i Strandvik, Trollskogen, Holmefjord, Holdhus og Søre Fusa. Jettegryto barnehage i Eikelandsosen vert feriebarnehage og har ope heile året. Barn frå dei andre barnehagane som treng barnehageplass i juli, får såleis tilbod om å nytta Jettegryto barnehage då.

 

Endra barnehagevedtekter

Kommunestyret vedtok i sitt siste møte 19.12.2012 å endra vedtektene for barnehagane i Fusa i samsvar med budsjettvedtaket for 2013 om endring i plassar og satsar.

Snarvegar:

 

Sist endra 20.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30