Aktuelt frå kommunen

Endra reglar for foreldrebetaling i barnehage

Ut på tur på Holmefjord. Foto. - Klikk for stort bilete Holmefjord barnehage

Frå 01.05.2015 har familiar/husstandar rett til ikkje å betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Dette er ei søknadsbasert ordning. Søknader om redusert foreldrebetaling skal  sendast til Fusa kommune, eining Barnehage. 

Auka makspris
 
Frå og med same dato vert maksimalprisen for barnehageplass auka med 100 kroner til 2580 kroner per månad.
 
Ordninga med redusert foreldrebetaling er som nemnd ovanfor søknadsbasert. Dette er ikkje noko ein får automatisk. 
 
Kven kan søkja?
  • Dersom husstanden si totale årsinntekt er lågare enn kr 466 333, er det aktuelt å søkja om redusert foreldrebetaling.
  • Det er familien/husstanden sjølv som må søkja om redusert betaling. 
Korleis søkja?
  • Bruk søknadsskjemaet "Søknad om redusert foreldrebetaling" (PDF, 194 kB)
  • Sjølvmelding må leggjast ved søknaden.
  • Søknaden skal sendast til Fusa kommune, eining Barnehage, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller pr e-post til postkasse@fusa.kommune.no 
  • Søknad om redusert foreldrebetaling må sendast seinast den 10. i månaden. Dersom søknaden vert innvilga, vil den reduserte foreldrebetalinga gjelda frå den påfølgjande månaden.
Søknadsfrist i mai - 15.05.
 
For søknader om redusert foreldrebetaling i mai 2015, er det sett ein eigen søknadsfrist. Årsaka til dette er at det ikkje har vore mogleg å senda inn søknad før no. Søknader om redusert foreldrebetaling i mai 2015 må sendast seinast 15.05.2015.
 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30