Aktuelt frå kommunen

Endra Fusa-kart

Utsnitt av kart over Fusa og nabokommunar.  - Klikk for stort bilete

Kommunane i Hordaland har innført eit nytt høgdesystem, NN2000, som skal erstatta høgdesystemet frå 1954, NN1954. For Fusa kommune gjeld endringa frå 11. juni 2015. Sjå snarveg til kartdata. 

Høgdesystemet er den referansen som ligg til grunn når ein oppgir kor mange meter over havet (m.o.h.) t.d. eit fjell eller ein innsjø ligg. Noreg hevar seg framleis etter istida. Høgda endrar seg med opptil 5 millimeter i året, men endringane varierer i ulike deler av landet. 

Nytt nasjonalt høgdegrunnlag

Kartdata som vert levert av Fusa kommune etter 11. juni 2015 har andre høgdeverdiar (andre z-koordinatar) enn dei hadde i det tidlegare høgdesystemet NN1954.

NN2000 er eit nytt felles nasjonalt høgdesystem som omfattar alle kommunale og statlege kartdata. Skilnaden mellom gamal og ny høgdeverdi på same punkt kan vera inntil 15 cm. Endringa inneber at ny høgdeverdi vil vera større eller mindre enn gamal høgdeverdi. For Fusa kommune er skilnaden mellom NN1954 og NN2000 minus 10 cm.

Det vert ikkje endringar i grunnriss (x- og y-koordinatane) og endringa gjeld heller ikkje historiske eller analoge kart.

Det gamle høgdesystemet

Alle kommunar i Hordaland har inntil i dag hatt normal null av 1954, forkorta til NN1954, som sitt offisielle høgdesystem. Normal null 1954 er fysisk knytt til eit bestemt fastmerke (fundamentalpunkt) ved Tregde vasstandsmålar (i Mandal). NN1954 er eit 60 år gamalt høgdesystem med betydelege manglar og svakheiter. NN1954 er ikkje korrigert for landheving og endra middelvasstand, og dette er ei medverkande årsak til at høgdeavmerkingane for Hordaland viser avvik frå ca null til minus 15 cm frå dagens verkelegheit.

Nytt system: NN2000

Det nye høgdesystemet har fått namnet NN2000 (Normal Null 2000). NN2000 er eit felles nordisk, vertikalt referansesystem som vil vera stabilt i overskueleg framtid. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate (geoiden) som harmonerer med middelvasstand i referanseåret 2000.

Kvifor nytt høgdesystem?

  • Vi får eit einsarta, homogent høgdesystem for heile landet, med kjend kvalitet.
  • Høgdesystemet stemmer med "marka".
  • Referanseramma (fastmerka) må til ei kvar tid vera betre enn oppmålingsteknologien.
  • Nøyaktige 3D-data og data frå laserskanning stiller store krav til høgdegrunnlaget.
  • Meir presis påvising av middelvassnivå er viktig for bygg og anleggsverksemd nær sjøen.

Konsekvensar

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000 i Hordaland varierer frå ca null til minus 15 cm. Endring av høgdereferanse vil krevja ei omrekning av alle høgdeberande data som gjeld offentlege etatar, planleggjarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som jobbar i og for kommunane i Hordaland. Dei kommunale kartdatabasane som er tilgjengelege for sal gjennom den enkelte kommune eller via Kartverket, har fått nye NN2000-høgder frå 11. juni 2015.

Det er svært viktig at brukarar av kommunen sine kartdata er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen, må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse. Til dømes vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato alltid bli koda med ...VERT-DATUM NN2000 i SOSI-fila sitt hovud. Dersom ein blandar høgdedata frå ulike system utan å vera klar over det, kan det få store konsekvensar!

Høgdene i ein GPS refererer til ellipsoiden. For å måla høgder i NN2000 treng ein høgdereferansemodell (geoidemodell/HREF-modell) HREF2014C_NN2000_EUREF89.

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye HREF-høgdereferansemodellen, kan ta kontakt med Kartverket.

Les meir hjå Statens Kartverk:

 

 

 

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 06.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30