Aktuelt frå kommunen

Endra frist for avlesing av vassmålarar

Vassmålarillustrasjon - Klikk for stort bilete

På grunn av kommunesamanslåinga frå nyttår, må årsoppgjeret for vassmålarar i år fakturerast tidlegare. Siste frist for målaravlesing 2019 er difor framskunda til 30. september. Dei siste månadane blir stipulert. Det er sendt ut sms-varsel om dette til dei som har vassmålarar knytt til kommunal vassforsyning/avløp.

SMS-påminning og svar

Det blir sendt ut sms-påminning om å lesa av vassmålaren ca. kvar tiande dag framover til 30. september. 

Når du har svart på sms-en, det vil seia meldt tilbake vassmålarstand, får du ikkje fleire påminningar. Du kan svara anten på sms eller på internett: leseav.no. Forbruket ditt resten av året, etter at du har sendt inn målarstand, blir stipulert.

Vi beklagar purringar til dei som svarar på papir

Dersom du svarar på papirskjema/brev, kjem du framleis til å få purringar. Dette skuldast at det det automatiske varslingssystemet då ikkje registrerer at du har svart.

Innsend avlesing blir registrert manuelt i kommunen sitt register, slik at alt er i orden, men du må altså diverre likevel finna deg i å få sms-purring. Vi beklagar dette.

Har du ikkje fått sms-varsel?

Vassmålaravlesinga og sms-varselet gjeld dei som er knytt til kommunale vassverk/avløp og har installert vassmålar.

Det er to ulike register du kan registrera deg i for at vi skal nå deg: norge.no/oppdater-kontaktinformasjon og varslemeg.no.

Dersom du les dette og ikkje har fått sms-varsel:

  • sjekk om du er registrert
  • nytt høvet til å oppdatera kontaktinformasjonen din

Du finn meir informasjon om vassmålaravlesing på sms i ein eigen artikkel her på heimesida vår.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30