Aktuelt frå kommunen

Endeleg valresultat

Logo med riksvåpenet og tekst Val 2015 - Klikk for stort bilete

Seks parti vert representerte i det nye kommunestyret. SP og AP får like mange representantar: Seks kvar. AP får tre meir enn i dag. AP vann førehandsrøystinga og er størst i tre av valkrinsane, SP i to og H i ein. 

Fusa har 2 915 stemmeberettiga. 1 962 personar nytta stemmeretten sin. Det var 13 blanke stemmesetlar. Då alle stemmene var talde opp tysdag ettermiddag, vart valresultatet slik:  

Kommunestyrevalet 2015 - endeleg resultat
Parti Røyster i % Repr. i det nye kommunestyret +/-
SP 27,2 % 6 0
AP 25,6 % 6 +3
H 15,0 % 3 0
FrP 12,6 % 3 -1
Krf 9,7 % 2 -1
V 4,8 % 1 0
SV 2,9 % 0 -1
MPG 2,1 % 0 0
SUM 99,9 21  

 

Endringar i Fusa

Tre parti gjer det betre ved kommunevalet i Fusa enn ved kommunevala samla sett på fylkes- og landsbasis: Senterpartiet, FrP og Krf - sjølv om alle tre har nedgang i røystene i Fusa. SV gjer det dårlegare lokalt enn nasjonalt og vert ikkje lenger representert i kommunestyret. Senterpartiet er framleis det største partiet med 27,2 % av røystene, medan Arbeidarpartiet har hatt klart størst framgang og vinn dei tre representantane som FrP, Krf og SV misser.

Valdeltaking

Fusa har tradisjonelt hatt høgare frammøteprosent enn både fylkes- og landsgjennomsnittet. Slik var det også i år. Frammøteprosenten ved kommunevalet i Fusa var 67,3 % mot 62,1 % i Hordaland sett under eitt og 59,9 % på landsbasis. 

Valdeltakinga til fylkestingsvalet var  60,2 % i Fusa mot 57,9 % i Hordaland og 55,6 % på landsbasis.

Fylkestingsvalet

14 av dei 15 partia som stilte liste til fylkestingsvalet i Hordaland, fekk røyster i Fusa. AP fekk 30,4 % av røystene i Fusa, SP 20,3 %, H 13 %, FrP 12,5 %, Krf 11,1 %, Miljøpartiet dei grøne 4,8 %, V 3,3 % og SV 2,6 %. Fem av listene dei fekk under 10 røyster, medan Partiet de kristne (PdK) fekk 11 og Demokratene i Norge ingen røyster i Fusa.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30