Aktuelt frå kommunen

EM-gull i sandvolleyball

EM-vinnarane Anders Berntsen Mol og Mathias Mol med trofé og blomar. Foto. - Klikk for stort bileteEM-vinnarane Anders Berntsen Mol og Mathias Mol med trofé og blomar. Foto. Merita Mol

Anders Berntsen Mol og Mathias Berntsen tok i helga EM-gull i sandvolleyball på Kypros. Fusa kommune gratulerer! 

Slik ser ei EM-medalje i sandvolleyball for u20 ut. Foto. - Klikk for stort bilete

EM for U20 (2015 CEV U20 Beach Volleyball European Championship) vart arrangert i opp mot 40 varmegrader i Larnaka på Kypros. Syskenbarna Anders Berntsen Mol frå Strandvik og Mathias Berntsen frå Åmli satsar saman som BeachVolley Vikings (sjå facebooksida deira) og hadde medalje som mål for EM-deltakinga.

I semifinalen søndag vann dei ein sterk siger 2-1 over dei store førehandsfavorittane frå Ukraina, etter settresultata 21-14, 13-21, 15-11.

I finalen seinare på dagen slo dei Frankrike 2-0. Dei norske gutane vann første sett 21-18 og leia 3-0 i andre sett, då ein av dei franske spelarane fekk ein alvorleg kneskade og måtte kasta inn handkleet. Sigeren var uansett vel fortent.

EM-vinnarane med støtteapparatet, m.a. Jetmund Berntsen (t.v.), Kåre og Merita Mol (i midten i raudt). Foto. - Klikk for stort bileteEM-vinnarane med støtteapparatet, m.a. Jetmund Berntsen (t.v.), Kåre og Merita Mol (i midten i raudt). Foto. Privat

Anders Berntsen Mol er 18 år og går på toppidrettstilbodet for volleyball i Sand i Suldal kommune, Rogaland.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30