Aktuelt frå kommunen

Elisabeth Farstad er konstituert som rådmann

Elisabeth Farstad - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Loodtz Frå 1. oktober 2016 er Elisabeth Farstad konstituert som rådmann i Fusa kommune fram til ny rådmann er tilsett. Farstad har siste året vore assisterande rådmann i Fusa.

Bakgrunnen for dette følgjande melding, som vart sendt ut av ordføraren 22. september i år:

"Berit Fløisand har vore tilsett som rådmann i Fusa kommune i 23 år. Berit Fløisand har gjort ein viktig og god jobb for kommunen i denne perioden. Dei folkevalde og rådmannen er einige om at det er naturleg med eit leiarskifte etter så mange år. Rådmannen fråtrer derfor stillinga som rådmann frå nyttår og går over i retrettstilling som spesialrådgjevar. Kommunen takkar Berit Fløisand for arbeidet som er gjort i Fusa kommune gjennom alle desse åra og ser fram til fortsatt godt samarbeid med henne i den nye stillinga."

Fløisand har studiepermisjon frå 1. oktober 2016 til 30. juni 2017.

Frå 1. januar 2017 går rådmann Berit Fløisand over i stilling som spesialrådgjevar i Fusa kommune.

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 21.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30