Aktuelt frå kommunen

Eldredagen 2013

Torolf Nordbø - "Han innante" - kjem til eldredagen i Fusa - Klikk for stort bileteTorolf Nordbø - "Han innante" - kjem til eldredagen i Fusa Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne inviterer til fest på eldredagen tysdag 1. oktober i Eikelandsosen bedehus. Dei lovar god underhaldning, god og kortreist mat, allsong og loddsal.

"Han Innante"

Torolf Nordbø, best kjend som "Han Innante", er visesongar, komikar, forfattar og seminarhaldar. Han skal stå for underhaldninga på eldredagen i Fusa.

Banksjef og ordførar

Banksjef Jostein Djupvik skal orientera om Sparebanken Vest og dei tenestene banken har for dei eldre. Det vert òg helsing ved ordførar Hans Vindenes.

Kortreist mat

Komiteen lovar servering av kortreist mat frå Fusa: Betasuppe og kaker, med "langreist" kaffi. Allsong og loddsal står òg på programmet (PDF, 166 kB).

Vel møtt!

Takk til støttespelarar

Komitéen/senior- og funksjonsrådet i Fusa kommune takkar alle som støttar arrangementet:

Agnar Skåtun AS, Bolaks AS, Baldersheim sanitetsforening, Eide Fjordbruk AS Femangerlaks A/S, Fusa Frivilligsentral, Fusa kraftlag SA, Fusa Lions, Fusa sanitetsforening, Hjertnes L AS, Hordaland Rørteknikk AS,  Joker Revnestranden, Leigland Bygg AS, Magne Skåtun Rørleggerforretning AS, Sparebanken Vest, Strandvik sanitetsforening, Vestlandske Limtreindustri AS.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30