Aktuelt frå kommunen

Ekstra språkkafé og barneteater 21. mars

Bamse brakar - Klikk for stort bilete

Tysdag ettermiddag 21. mars er det to kulturarrangement i Eikelandsosen i regi av Fusa kommune. Det vert barneteater i biblioteket med Bamse Brakar og Mikkel Rev og samstundes markering av 21. mars med ekstra språkkafé i Trivselstunet dagsenter, i bygget til Fusa vidaregåande skule.

FN-dag i Fusa

Fusa kommune arrangerer ekstra Språkkafe i samband med markering av 21. mars kl 16-18. Til vanleg er kafeen fast i oddetalsveker. 

21. mars er FN sin dag mot rasediskriminering. Det er også "Verdas poesidag" innstifta av FN. I tillegg er 21. mars kurdarane sin nasjonaldag og Fusa har i dag ei store gruppe kurdararar. Dei fleste er frå Syria, men nyleg kom det også ein kurdisk familie frå Iran. Det er med andre ord fleire gode grunnar til å markera 21. mars i Fusa med eit eige kulturprogram. Det vert bidrag og innslag frå ulike nasjonalitetar og enkel servering.

Same ettermiddag er det barneteater i biblioteket i nabobygget, som vil gje eit tilbod til dei minste barna i deler av tida kafeen varer. Språkkafeen er som vanleg i dagsenterlokala, «Trivselstunet», i bygget til Fusa vidaregåande skule. Det er gratis inngang og ope for alle interesserte. Arrangørar er "Kultur for integrering".
 

Bamse Brakar og Mikkel Rev til Fusa

Tysdag 21. mars gjester Askeladden friteater biblioteket i Eikelandsosen med framsyning kl 17.00 i Fusa folkebibliotek. Teateret byr på fleire morosame historier frå eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe. Borna får møta Bamse Brakar og Mikkel Rev i kjende forteljingar som «Kvifor reven har kvit haletipp?» og «Kvifor har Bamse Brakar stutt hale?»
 
Historiene blir fortalde på ein involverande og leikande måte av skodespelarane Kyrre Vanebo og Bjørn Helge Warud. Brakar og Mikkel syng og speler meir enn nokon gong. Det blir ”full rulle” i dei grøne skogar.
 
Framsyninga passer godt for barn frå 2 år og familiar, og varer omlag 35 minutt. Inngang kr 100,- per familie. Arrangør er Fusa folkebibiliotek. Sjå plakat (PDF, 190 kB).
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30