Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik Thorsen
Det var stor oppslutning om utstillingsopninga i Kommunetunet fotograf Fredrik Thorsen

Eksotiske bygdedyr i Glasgato

Fredag 7. september var det ustillingsopning i Glasgato, Kommunetunet, med arbeid av Fusa-kunstnaren Anja Tveiterås. Utstillinga har arbeidstittel ”Zooleisna & Bøkking dreams” og vart laga spesielt for kystkulturdagen på Bogøy/ Holsund i august. Det er ei salsutstilling der det er mogeleg å kjøpa både bilete og ein katalog/bok som er laga til utstillinga.

Det var mykje folk på utstillingsopninga fredag. Anja Tveiterås er i tillegg til å vera kunstnar også lærar i den vidaregåande skulen. Ho har permisjon frå skulen denne hausten for å konsentera seg om kunsten sin.

Tidlegare elevar var tydeleg nysjerrige på kva den kreative Anja hadde funne på denne gangen. Dei vart ikkje skuffa. Her er det både mykje humor og visdom i hennar fabulering i tekst og bilete over bygdedyret som lever både inni oss og i kjende landsskap rundt oss, men kanskje kjem det som ei overrasking på fleire at desse bygdedyra er så eksotiske. Visste du at det er fnisete flamingoar på Øvre Boga og dovne kamelar på beite i Samnøyo?

Utstillinga vert synt i tida 7. september til 5. oktober. Du kan sjå utstillinga i opningstida til Kommunetunet og folkebiblioteket. Sidan det no er fast opningstid i biblioteket på laurdagar kl 10-14 kan du også sjå utstillinga i helga.

Skuleklassar som ønskjer omvising saman med kunstnaren kan ta kontakt med kulturkontoret.


Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.09.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30