Aktuelt frå kommunen

Eikelandsosen på sentrumskonferanse

Stadanalyse for Eikelandsosen - Klikk for stort bileteStadanalyse for Eikelandsosen

 

Tysdag 16. april skal ordførar Hans Vindenes og sivilarkitekt Fredrik Barth frå Asplan Viak AS presentera stadanalysen for Eikelandsosen på fylkeskommunen sin konferanse om by- og tettstadutvikling på Voss. Tema for konferansen er "Gode bustader i sentrum".

Konferansen vert skipa til av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Voss kommune og Forum for stedsutvikling. Her skal m.a. den nye regionale planen for attraktive sentra i Hordaland presenterast. Fylkeskommunen har som mål å stimulera til samarbeid kring det å utvikla attraktive byar og tettstader i fylket vårt.

Gode bustader og heilskap

Korleis lukkast med å byggja nye sentrumsbustader med kvalitet? Korleis kan prosjekta vera miljøskapande og styrkja identiteten til staden? Korleis skapa prosjekt som stimulerer til sosial aktivitet og gode naboskap? Korleis i sum skapa ei verdig livsramme for innbyggjarane, med sentrumsmiljø og offentlege rom som i sum styrkjer staden sin kvalitet? Dette er spørsmål som er i fokus på tettstadkonferansen.

Eikelandsosen

Innlegget om Eikelandsosen har fått den ambisiøse tittelen "Berekraftige strukturar - å skape ein by av Eikelandsosen". Asplan Viak AS har utarbeidd ein stadanalyse for Eikelandsosen (2009-2010). Analysen tek utgangspunkt i Eikelandsosen som ein tettstad som skal vera eit lokalt sentrum og eit senter for heile kommunen.

Målet med denne analysen var å gje retningsliner for vidare arbeid med reguleringsplanarbeidet for Eikelandsosen sentrum. Hordaland fylkeskommune gav økonomisk støtte til stadanalysen.

Prosjektgruppe

I prosjektgruppa for stadanalysen sat ordførar Hans Vindenes, Kari Øvsthus frå Hordaland fylkeskommune, Inge Kaldestad frå Fusa kommune og Egil Hauge frå Fusa næringslivslag i tillegg til landskapsarkitektar frå Asplan Viak AS.

Dei samarbeidde med ei referansegruppe sett saman av representantar frå senterforeininga, velforeiningar, Fusa vgs, ungdomsrådet og eldrerådet.

"Mulighetsstudie" og områdeplan

Del 2 av stadanalysen vart å laga ein såkalla "mulighetsstudie" for ein meir avgrensa del av Eikelandsosen: sjølve sentrumsområdet. Neste steg vert å utarbeida områdeplan for sentrum. Dette arbeidet skal gjerast parallelt med rulleringa av arealplanen for Fusa kommune.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30