Kva fortel listene?
Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2019. Skattelista syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.
Fritakslista syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).
Sjå listene:
Skattesatsar
Kommunestyret fastset skattesatsen for året etter i budsjettvedtaket i desember kvart år. Den generelle skattesatsen for skattepliktige eigedomar i 2019 er 7 promille. Skattesatsen er 2 promille på bustad- og fritidseigedomar, naust og ubebygde tomter.
Betaling
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar.
-
1. forfall 25. mars 2019
-
2. forfall 25. november 2019
Skattesetel/faktura
Opplysningar om eigedomsskatten finn du på faktura for 1. termin som vert sendt ut i løpet av februar. Kommunestyret har frå og med 2015 vedteke at det ikkje er botnfrådrag.
Retting
Rettingar i eigedomsskatt kan gjerast med heimel i eigedomskattelova § 17.
Klage
-
Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
-
Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.
-
Fristen er seks veker etter at skattelista vert lagt ut eller skattesetelen/faktura for 1. termin vert sendt ut.
-
Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage.
-
Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta betalt tilbake, dersom skatten vert redusert.
Klage skal sendast til:
-
Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
-
E-post: post@fusa.kommune.no
Omtaksering frå verk og bruk til næring
I samsvar med lovendring vedtok kommunestyret 13.12.2018 å omtaksera frå verk og bruk til næring. Kommunestyret vedtok òg å nytta overgangsregelen for produksjonsutstyr og -installasjonar. Du finn meir informasjon om endringane her.
Taksering av LNF-område som ikkje er utbygde frå før
I saker som gjeld taksering av LNF-område som ikkje er utbygde frå før, må takstutvalet i kvar einskild sak vurdera kva verdireduksjon det skal føra til i eigedomstaksten. Kommunen må difor òg gå gjennom tidlegare klagesaker for å vurdera om det er grunnlag for å endra eigedomsskattetaksten til gunst for klagar.
Fritak
Nokre spesielle eigedomar (m.a. forsamlingshus og idrettsanlegg) er fritekne for eigedomsskatt (sjå fritakslista). Fritak heimla i § 7 a) og b).
Kommunestyret kan frita følgjande eigedommar heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedomar eigd av stiftingar eller institusjonar som tek sike på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verdi.
Send søknad om fritak til:
-
Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
-
E-post: post@fusa.kommune.no
Søknadsfrist: 30. april 2019
Kommunestyret har vedteke å avvikla den tidlegare ordninga med fritak for nye bustader. Dette fritaket vart gjort pr. kalenderår i det årlege budsjettvedtaket. Frå og med 2016 skal det betalast eigedomsskatt for alle bustadhus, også dei som tidlegare år har vore fritekne.
Meir informasjon om klagerett, fritaksreglar og eigedomsskatten, og svar på ofte stilte spørsmål, finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.