Aktuelt frå kommunen

Eigedomsskatten for 2018

Ein stabel med norske myntar oppå eit teppe av norske setlar av ulik valør. Foto. - Klikk for stort bilete

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå tysdag 27. februar til og med onsdag 21. mars. Klagefristen er onsdag 11. april.

Kva fortel listene?

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2018. Skattelista syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.  

Fritakslistene syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).

Sjå listene:

Skattesatsar

Kommunestyret fastset skattesatsen for året etter i budsjettvedtaket i desember kvart år. Skattesatsen for 2018 er 7 promille på verk, bruk og næringsbygg og 2 promille på bustad- og fritidseigedomar, naust og ubebygde tomter.  


Skattesetel

Opplysningar om eigedomsskatten finn du på faktura for 1. termin som vert sendt ut i løpet av februar. Kommunestyret har frå og med 2015 vedteke at det ikkje er botnfrådrag. 

 

Retting

Rettingar i eigedomsskatt kan gjerast med heimel i eigedomskattelova § 17.

Klage

  • Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
  • Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.
  • Klagefrist er innan torsdag 11. april 2018.
  • Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage.
  • Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta betalt tilbake, dersom skatten vert redusert.

Klage skal sendast til:

  • Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • E-post: post@fusa.kommune.no

Informasjon om taksering av LNF-område som ikkje er utbygd frå før

I saker som gjeld taksering av LNF-område som ikkje er utbygd frå før, må takstutvalet i kvar einskild sak vurdera kva verdireduksjon det skal føra til i eigedomstaksten. Kommunen må difor òg gå gjennom tidlegare klagesaker for å vurdera om det er grunnlag for å endra eigedomsskattetaksten til gunst for klaga

 

Fritak

Nokre spesielle eigedomar (m.a. forsamlingshus og idrettsanlegg) er fritekne for eigedomsskatt (sjå fritakslistene). Fritak heimla i § 7 a)  og b)

Kommunestyret kan frita følgjande eigedommar heilt eller delvis for eigedomsskatt:

a) Eigedomar eig av stiftingar eller institusjonar som tek sike på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten
b) Bygning som har historisk verdi.

Send søknad om fritak sendast til:

Fusa kommune
Eigedomsskattekontoret
Boks 24
5649 Eikelandsosen

eller pr e-post til post@fusa.kommune.no.

Søknadsfrist: 30. april 2018

Kommunestyret har vedteke å avvikla den tidlegare ordninga med fritak for nye bustader. Dette fritaket vart gjort pr kalenderår i det årlege budsjettvedtaket. Frå og med 2016 skal det betalast eigedomsskatt for alle bustadhus, også dei som tidlegare år har vore fritekne.  

Betaling

Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:

  • 1. forfall  25. mars 2018
  • 2. forfall  25. november 2018

Meir informasjon om klagerett, fritaksreglar og eigedomsskatten, og svar på ofte stilte spørsmål, finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30