Aktuelt frå kommunen

Eigedomsskatten for 2016

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå og med måndag 29. februar til og med måndag 21. mars. Klagefristen er torsdag 14. april.

Kva fortel listene?

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2016. Skattelista syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.  

Fritakslistene syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).

Skattesatsar

Kommunestyret fastset skattesatsen for året etter i budsjettvedtaket i desember kvart år. Skattesatsen for 2016 er 7 promille på verk, bruk og næringsbygg og 2 promille på bustad- og fritidseigedomar, naust og ubebygde tomter.  

Klage

  • Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
  • Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.
  • Klagefrist er innan torsdag 14. april 2016.
  • Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage.
  • Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta betalt tilbake, dersom skatten vert redusert.

Klage skal sendast til:

  • Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • E-post: postkasse@fusa.kommune.no

Fritak for nye bustader avvikla

Nokre spesielle eigedomar (m.a. forsamlingshus og idrettsanlegg) er fritekne for eigedomsskatt (sjå fritakslistene).

Kommunestyret har vedteke å avvikla den tidlegare ordninga med fritak for nye bustader. Dette fritaket vart gjort pr kalenderår i det årlege budsjettvedtaket. Frå og med 2016 skal det betalast eigedomsskatt for alle bustadhus, også dei som tidlegare år har vore fritekne.  

Betaling

Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:

  • 1. forfall  25. mars 2016
  • 2. forfall  25. november 2016

Meir informasjon om klagerett, fritaksreglar og eigedomsskatten, og svar på ofte stilte spørsmål, finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30