Aktuelt frå kommunen

Eigedomsskatten for 2015

To vindauge i eit kvitmåla sveitserhus. Foto. - Klikk for stort bilete På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2015, vert eigedomsskattelister lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå fredag 27. februar og tre veker framover. Klagefristen er fredag 10. april.

Skattesatsar

Satsen for eigedomsskatt er fastsett til 7 promille. Det vert gjort unntak for ubygde tomtar, naust, bustad og fritidseigedomar som vert gitt ein reduksjon på 5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2 promille.

Kommunestyret har vedteke at det ikkje skal vera botnfrådrag i 2015.
 
Klage
  • Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
  • Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.
  • Klagefrist er innan fredag 10. april 2015.
  • Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage. Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta attendebetalt dersom skatten vert redusert.

Fritak

Nye husvære til bustadføremål vil få fritak frå eigedomsskatt i inntil 10 år. Fritaket vert gitt frå 1. januar året etter ferdigstilling av husværet (etter at det er gitt mellombels bruksløyve/ferdigattest). Dette gjeld nye husvære ferdige frå 01.01.2004. 
 
I medhald av Eigedomsskattelova § 7 er det høve til å søkja om heilt eller delvis fritak for eigedomsskatt. Kommunestyret vedtok i budsjettmøtet 18.12.2014 (K-sak 044/14) at det i 2015 skal gjevast fritak til:
  • Samfunnshus, ungdomshus, grendahus, idrettsanlegg, Hålandsdalen Leirskole, Vinnes barnehage og Vinnes Friskule (§ 7 a).
  • Bygningar som har historisk verde og som kommunestyret tidlegare har gitt fritak frå eigedomsskatt (§ 7 b).
Eigedommar som tidlegare har fått innvilga fritak, treng ikkje senda inn ny søknad for 2015. Dersom det vert gitt fritak, skal eigar informera Fusa kommune dersom drifta opphøyrer eller vert endra frå opprinneleg formål.
 
Frist for å søkja om fritak: innan 10. april 2014.
 

Klage eller søknad om fritak skal sendast til:

  • Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • E-post: postkasse@fusa.kommune.no
Betaling
 
Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:
  • 1. forfall  25. mars 2015
  • 2. forfall  25. november 2015
Meir informasjon om fritaksreglar og eigedomsskatten, og svar på ofte stilte spørsmål, finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30