Aktuelt frå kommunen

Egnerfest i Fusa

Karios og Baktus. Utsnitt av ill Torbjørn Egner - Klikk for stort bileteKarios og Baktus. Utsnitt av ill Torbjørn Egner Illustrasjon Muntre Musikantar frå Forsvaret har reist rundt til skulane i Fusa og tatt elevane med på Egnerfest! Søndag 10. november vert det familiekonsert med "Karius og Baktus på nye eventyr" i samfunnshuset i Eikelandsosen med Sjøforvarets musikkorps og elevar frå kulturskulen.

Eit bergteke publikum på skulekonsert ved Eikelandsosen skule - Klikk for stort bileteEit bergteke publikum på skulekonsert ved Eikelandsosen skule Olav Aarvik Musikarar frå Sjøforsvarets musikkorps har vore på turne med skulekonsertar i Fusa siste veka og presentert eit program med Egner-songar. Det gode humøret og litt ablegøyer ligg som ein grunntone gjennom heile framsyninga. Nokre elevar frå skulenmusikken hjelpte også til på nokre av songane. Det vart ei flott forestilling som engasjerte elevane!

Familiekonsert

Søndag 10. november kl 16.00 vert det Egner-fest i stort format med familiekonsert i Eikelandsfjorden samfunnshus. Fusa er heldig å ha kome med på ein ekslusiv turne i regi av Rikskonsertane. I Hordaland vert det framsyningar berre i Fusa og på Osterøy. Her medverkar Sjøforsvarets musikkorps saman med ei rekkje solistar.

Kva skjedde eigentleg med Karius og Baktus etter at dei møtte tannlegen og blei skylt ut i havet på ein flåte? Familieframsyninga vil gje svaret. Karius og Baktus finn etter kvart ut at det er meir enn loff, sirup og godteri som betyr noko. Til slutt møter dei eit heilt militærkorps og ein gjeng ungar som ikkje er i tvil om at det å laga musikk saman, er noko av det luraste ein kan finna på.

Sjøforvarets musikk-korps i fri dressur med Karius og Baktus - Klikk for stort bileteSjøforvarets musikk-korps i fri dressur med Karius og Baktus Olav Aarvik Nokre av elevane som har vore involverte på skulekonsertane i forkant vil bli plukka ut til å delta på scena under framsyninga. Forsvarets musikk og Rikskonsertene står bak framsyninga, som blei laga i høve til Thorbjørn Egners 100-årsjubileum.

Inngangspengar vert kr 150. Det går an å kjøpa billettar på Billettservice på førehand eller du kan kjøpa billett ved inngangen.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30