Aktuelt frå kommunen
Foto frå draumestipendvinaren | Fotograf: Ingeborg Vangsnes
"Illuminated" - foto frå draumestipendvinnaren fotograf Ingeborg Vangsnes
Draumestipendvinnar 2012 Ingeborg Vangsnes
Draumestipendvinnar Ingeborg Vangsnes

Draumestipend til fusajente

For niande gong deler Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping ut "Drømmestipendet" til 100 unge kulturutøvarar frå heile landet. Ein fusaungdom er mellom dei heldige stipendvinnarane: Ingeborg Vangsnes, som stilte i kategorien visuell kunst.

Rekordmange nominasjonar

Arrangørane melder om ny rekord både for tal nominerte og deltakande kommunar. I år har juryen, som vert leia av trompetist Tine Thing Helseth, vurdert 497 nominerte kulturutøvarar frå 290 kommunar. Det var 87 nominerte i kategorien visuell kunst. Dei nominerte er grundig vurderte både av fagjuryar og ein eigen draumejury, som har vurdert draumane som dei nominerte har presentert.

Sjå Ingeborg sin draumepresentasjon.


Utdeling 7. juni

Stipendutdelinga går føre seg i Kommunetunet torsdag 7. juni kl 18.00. Ingeborg Vangsnes deltok i vår både på den lokale Ungdommens kulturmønstring i Oseana og i fylkesmønstringa i Grieghallen med fire foto. Desse vert stilt ut i "Glasgato". I tillegg vert det ein multimediapresentasjon av fleire foto og kunstnarlege innslag frå ungdommar knytte til Fusa kulturskule.


Kulturdraumar

"Drømmestipendet" omfattar 100 stipend, kvar på 10 000 kroner. Målet er å gje unge kulturtalent høve til å få oppfylt ein kulturell draum og utvikla seg vidare innan sitt område.

– Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd er opptekne av å styrkja det kulturelle mangfaldet over heile landet. Saman har vi tru på at Drømmestipendet bidreg til at talentfulle barn og unge får inspirasjon og oppmuntring til å dyrka talentet sitt, seier prosjektleiar Lars Emil Johannessen i Norsk kulturskoleråd.


Fusastipend nr 3

Det er tredje gongen Fusa kulturskule når fram med ein av sine kandidatar. Tidlegare har Magni Rosvold (hardingfele) og Håvard Grøndal Skåtun (musikk) fått draumestipend.

Sjå heimesida til Drømmestipendet.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30