Aktuelt frå kommunen

dinutvei.no - rettleiar ved vald og overgrep

parorende1-minicenter-639x289.jpg - Klikk for stort bilete

Ein ny nasjonal nettportal med oversikt over hjelpetilbod ved vald og overgrep er lansert. Der finn du spørsmål-og-svar-teneste, informasjon og fagstoff. 

Hjelp og kunnskap

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramma menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kvar hjelpa er å finna. Mange ønskjer òg meir kunnskap om vald og overgrep. 

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finner du òg informasjon, fagstoff og ei spørsmål-og-svar-teneste, der du kan stilla spørsmål og få svar anonymt. 

Nettstad for kven?

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, til pårørande og bekymra, til dei som utøver vald, og til fagpersonar. Portalen er en del av regjeringens innsats for å forebygge vold i nære relasjoner.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vold og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. 

Dinutvei.no-logo - Klikk for stort bilete
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30