Aktuelt frå kommunen

Digital rekonstruksjon av Holdhusmadonnaen

Holdhusmadonnaen i originalfargar - Klikk for stort bileteHoldhusmadonnaen i originalfargar NIKU

 

I fjor sommar kom Holdhusmadonnaen tilbake til gamlekyrkja på Holdhus etter å ha vore til konservering og "oppussing" hjå NIKU - Norsk institutt for kulturminneforsking. No er det laga ein digital rekonstruksjon av figuren med animasjon som syner opphavlege fargar og mønster.

 

Unik

Mariafiguren på Holdhus er den einaste målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet. Det er uvisst når og korleis madonnafiguren kom til Holdhus kyrkje.

Fargesterk

Den figuren vi kan sjå i gamlekyrkja i dag, har original måling og forgylling, men er svært falma. Dei originale fargane har vore mykje sterkare og klarare. Det er difor laga ein digital rekonstruksjon for å visa korleis skulpturen kan ha sett ut som ny.   

Elevar og turistar

Gamlekyrkja vert brukt i undervisninga til Hålandsdalen leirskole kvar veke, og til sommaren vert ho igjen open for fusingar og turistar. Nytt høvet til å sjå den unike Mariaskulpturen då!

Fotograf: Arnfinn Christensen, Forskning.no Fotograf: Arnfinn Christensen, Forskning.no Digital rekonstruksjon av Mariafiguren i sterke originalfargar  | Fotograf: NIKU Retusjert Holdhusmadonna framanfrå Under ultrafiolette lampar hjå NIKU kjem m.a. nokre av dei malte brokademønstra tydelegare fram på Holdhusmadonnaen | Fotograf: Birger Lindstad

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30