Aktuelt frå kommunen

Det skjer på biblioteket!

Biblioteksjef Martine Durban Jahr viser fram samlinga av Harry Potter-bøker. Foto. - Klikk for stort bileteBiblioteksjef Martine Durban Jahr viser fram samlinga av Harry Potter-bøker. Foto.

Fusa folkebibliotek har mykje spennande på programmet framover. Internasjonal kafé, Harry Potter-dag og Torsdagsakademi er noko av det biblioteksjef Martine Durban Jahr kan by på.

Biblioteket er meir enn ein stad der du kan låna bøker, filmar og musikk. Fusa folkebibliotek er òg ein spennande møteplass for gamle og nye fusingar i alle aldrar.

I februar og mars står følgjande arrangement på plakaten:

  • Laurdag 20. februar: Internasjonal kafé med markering av den internasjonale morsmålsdagen kl 12.00-14.00. Dette vert korgafest - ta med mat frå ditt land.
  • Torsdag 25. februar: Torsdagsakademi - møte med omsetjar Linda Kjosaas kl 19.00
  • Laurdag 27. februar: Harry Potter-dag for barn i alle aldrar kl 10-14
  • Torsdag 17. mars: Torsdagsakademi - "Kampen om fjordane" kl 19.00. Vigdis Nilesen frå Hardangerfilm kjem for å fortekja om filmprosjektet sitt.

Det skjer på biblioteket! Skriv ut programoversikta (PDF, 68 kB) og heng opp på kjøleskåpet!

Alle interesserte er hjerteleg velkomne!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30