Aktuelt frå kommunen

Det nye arealplankartet tilgjengeleg på heimesida

Konsulent Hildegunn Øpstad syner fram den digitale kartløysinga der arealplan 2015-2017 er tilgjengeleg. - Klikk for stort bileteKonsulent Hildegunn Øpstad syner fram den digitale kartløysinga der arealplan 2015-2017 er tilgjengeleg.

Arealplanen for Fusa kommune 2015-2027, som vart vedteken i haust, er no tilgjengeleg via kartløysinga på heimesida. Du finn kartet under "Snarvegar" i nedremenyen vår.

Korleis finna arealplanen?

  1. Gå inn i kartløysinga vår via kartlenka under "Snarvegar" i nedremenyen på startsida.
  2. Vel kommune i rullegardinmenyen.
  3. Vel "Kommuneplan".
  4. Zoom deg inn - då kjem arealplanen opp i kartet.
  5. Dersom du får vanskar med å få opp kartet, prøv å gå inn via ein annan nettlesar.

Digitalt arealplankart - Klikk for stort bilete

Reguleringsplanar 

Det vert òg arbeidd med å få alle reguleringsplanar fulldigitaliserte, slik at dei vert søkbare og tilgjengelege via kartløysinga på heimesida, opplyser konsulent og Geodata-kontakt Hildegunn Øpstad på avdeling Plan, byggesak og oppmåling.

Kart

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30