Aktuelt frå kommunen

Den internasjonale morsmålsdagen

Plakat for arrangement - Klikk for stort bilete

 I Fusa vert Den internasjonale morsmålsdagen markert laurdag 21. februar kl 12-14 med internasjonal kafé i Kommunetunet, Eikelandsosen.

I Fusa bur det mange menneske med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. I år vil ein nytta den internasjonale morsmålsdagen til å presentera noko av dette mangfaldet. Du får høve til å høyra både andre språk og høyra om andre land og kulturar. Det er gratis inngang og gratis servering av smakebitar frå eit internasjonalt kjøkken. Alle er velkomne!

Arrangørar er flyktningetenesta i Fusa kommune i samarbeid med Fusa folkebibliotek, Fusa frivilligsentral, Eikelandsfjorden husmorforening og Fusa røde kors.

Biblioteket er som vanleg ope laurdagar frå kl 10.00 til 14.00.

 

Plakat arrangement i full storleik - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 17.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30