Aktuelt frå kommunen

Dansketida i Fusa

Lars Johan Ditmarsen viser rundt i hovudhuset på Engevik Gaard - Klikk for stort bileteLars Johan Ditmarsen viser rundt i hovudhuset på Engevik Gaard Hein Bondevik

 

Onsdag 15. mai tok 6. klassingane i Fusa steget tilbake til dansketida på Engevik Gaard. Offisersgarden frå 1700-talet var ramma rundt den siste lokalhistoriske aktivitetsdagen knytt til "Fusanisto" dette skuleåret.

17. mai står for døra, og 1814 og Grunnlova er kjend stoff for skuleelevane. På denne aktivitetsdagen fekk dei eit glytt tilbake til tida før 1814: Den vel 400 år lange perioden som vert kalla dansketida i historia vår. Engevik Gaard er eit godt døme på dansketida i Fusa.

Offisersgard i 100 år

Den danskfødde offiseren Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) kjøpte Engevik Gaard, kyrkjene i dåverande Ous prestegjeld og anna kyrkjegods i området hjå kong Fredrik 4. av Danmark-Noreg i 1723. Han bygde garden opp som offisersgard og var ein mektig mann i samtida.

Segelcke var kongen sin embetsmann og gjorde militær karriere. Han vart etter kvart sjef for Søndre Bergenhus infanteriregiment og enda sine dagar som generalmajor i København. Engevik Gaard var offisersgard i tre generasjonar.

Militær eksersis, krokket og omvising

På ein offisersgard høyrer det sjølvsagt med å få prøva seg på litt militær eksersis. Heimevernskaptein Arne Hjartnes instruerte elevar og lærarar i oppstilling og marsjering, og kommandoropa lydde i tunet.

Lars Johan Ditmarsen tok elevane med på omvising både i hovudhuset og dei andre husa på garden sin: Smie, stabbur, borgstova og eldhus.

Krokket er eit gammalt spel som vart populært som rekreasjon og underhaldning på 1800-talet, ikkje minst på embetsmannsgardar som Engevik. Det høyrde òg til aktivitetane for pensjonatgjestene i Engevikhavn, slik biletet frå 1890-åra i kavalkaden nedanfor viser. Og no òg til aktivitetane for 6. klassingane i Fusa.

Engevikhavn

Ei kulturhistorisk vandring til handelsstaden Engevikhavn, som vart bygd opp på 1800-talet, er òg del av aktivitetsdagen. Her var både bakeri, krambu, post, dampskipskai, notbuer, saltebuer og pensjonat. Sveinung Norheim var kunnskapsrik guide. Takk til eigarane Marit Meidell og Freddy Hjertholm for at skuleelevane får besøkja anlegget deira.

Christian Wilhelm Segelcke Biletsamlinga - Lokalhistorisk Arkiv i Fusa | Fotograf: Thorvald Selmer Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: EMBV Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: EMBV Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: EMBV Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: EMBV Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. Arne Hjartnes instruerer. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. Arne Hjartnes instruerer. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: Hein Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik Soldat frå 1700-talet Aktivitetsdag "Fusanisto" 15.5.2013. | Fotograf: H. Bondevik

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30