Aktuelt frå kommunen

Dansketida i Fusa

Hovudbygningen på Engevik Gaard, som er frå 1700-talet.  - Klikk for stort bilete Elin Eikeland Rød

I mai er det fokus på fred, fridom, grunnlov og nasjonaldag. 6. klassingane i Fusa har i tillegg lært litt om korleis det var den gongen Noreg ikkje var eit sjølvstendig land. Offisersgarden Engevik Gaard er eit godt døme på dansketida i Fusa - og ei flott ramme rundt ein aktivitetsdag med både militær eksersis, våpenskjold, jettegryter og krokket.  

Den årlege aktivitetsdagen i mai på Engevik Gaard er del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget for fusaelevane, "Fusanisto".

Militær eksersis, krokket og våpenmerke 

Dagen starta med historietime i sjøbua, før elevane fekk prøva seg på aktivitetar som høyrde tida og embetsmannsgarden til. Ottar Midtrød gav 6. klassingane innføring i militær eksersis, og dei marsjerte taktfast rundt i tunet under hans kommando. Det vart spela krokket på plenen med Anne Ditmarsen og Ella Marie Brekke Vangsnes som medhjeparar. 
 
I borgstova fortalde Erik Vangsnes om tradisjonen med våpenmerke. På 1700-talet var det på moten å laga personlege våpenmerke eller slektsmerke, og 6. klassingane teikna sine eigne denne dagen.
 
Segelcke-slekta
 
Sveinung Norheim tok elevane med på jettegrytevandring med innslag av spøkeri. Verten på Engevik Gaard, Lars Johan Ditmarsen, viste rundt i hus og tun. Han er etterkomar i 8. generasjon etter den første offiseren på Engevik Gaard, Christian Wilhelm Segelcke, som kjøpte garden frå danskekongen i 1723. 
 
Takk til Anne og Lars Johan Ditmarsen som opnar det flotte tunet sitt for "Fusanisto"!
Hovudbygningen på Engevik Gaard, som er frå 1700-talet.  | Fotograf: Elin Eikeland Rød Elevar frå Nore Fusa i aksjon ved teiknebordet. Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes Frå krokketspeling på Engevik Gaard. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Hunden Sitka på Engevik Gaard - med kjeften full av pinnar - vert klappa av ei av elevane. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Sveinung Norheim fortel om jettegrytene på Engevik Gaard. Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes Instruktør Ella Marie Brekke Vangsnes forklarer dei forenkla reglane før elevane frå Holdhus set i gang med ein runde krokket. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Startslaget på nytt krokketparti. Medelevane følgjer med. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Instruktør Anne Ditmarsen følgjer med på Holdhus-elevane sin innsats på krokettbanen. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Stilstudie av krokketslag. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Frå hagen på Engevik Gaard - utsikt mot sjøbu, kai og naust. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes Engevik Gaard med kvitmåla hovudbygning i bergensklassisisme frå 1700-talet, okerfarga borgstove og eldhus. Foto. | Fotograf: Elin Eikeland Rød Elevar frå Eikelandsosen i aksjon ved teiknebordet i Borgstova. Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30