Aktuelt frå kommunen

Dahl vert landbrukssjef i Bergen

Helene Dahl (57) vert landbrukssjef i Bergen. - Klikk for stort bilete Ottar Midtrød

Sjefen for det interkommunale landbrukskontoret for Os, Samnanger, Fusa og Tysnes, Helene Dahl, skiftar beite frå 1. mars. Ho er tilsett som sjef for den nyoppretta Etat for landbruk i Bergen.

Interkommunal leiar

Fusa, Os og Samnanger har hatt eit godt fungerande felles interkommunalt landbrukskontor sidan 2004. Tysnes kommune vart med i samarbeidet frå hausten 2012. Helene Dahl har vore leiar heile tida. Fusa kommune er vertskommune for samarbeidet, og hovudkontoret ligg i Eikelandsosen – med kontordagar i dei andre kommunane.

 

Skogbruksbakgrunn

Sunnmøringen Helene Dahl (57) kom til Fusa kommune i 1994 som skogbrukssjef. Ho har utdanning innan skogbruksfag med tilleggsutdanning innan forvaltning av kulturlandskap og landbruksjuss. Ho har i tillegg lang og brei erfaring frå mange år som landbrukssjef i Fusa og for det interkommunale landbrukskontoret.

 

Ledig stilling

Stillinga som leiar for det interkommunale landbrukskontoret for Os, Samnanger, Fusa og Tysnes er lyst ut med søknadsfrist 21. januar 2013. Stillinga er fast. Sjå utlysingstekst.

 

Sist endra 11.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30