Aktuelt frå kommunen

Cirkus Agora på biblioteket

Jan Kjetil Smørdal i Cirkus Agora - Klikk for stort bilete

Tysdag 29. januar kl 18.00 får biblioteket i Fusa besøk av Cirkus Agora som i år har 30-årsjubileum. Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal har denne kvelden med seg eit sirkus i miniformat. Det blir både gjøgling og magi, musikk og fart til glede for små og store. 

– Det er få ting som kan begeistra så mykje som sirkus, uavhengig av alder, kultur eller språk. Vi treng gjøglarane, gjøglarane er opphavet til all moderne underholdning, seier den entusiastiske sirkusmannen Jan Ketil.

Det blir eit program å bli godt humør av og passar for sirkusvener i alle aldrar. Inngang er kr 100 for vaksne. Barn går gratis. Dersom du har følgjekort går ledsager gratis. Hugs at det er kontant betaling.

Arrangør er Fusa folkebibliotek og arrangementet skjer i Kommunetunet i Eikelandsosen. På grunn av byggearbeid på Leiro er det litt vanskeleg å koma til bygget, men ein kan parkera ved den vidaregåande skulen eller koma frå Fjord’n senter. 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.01.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30