Aktuelt frå kommunen

Bygginga av idrettshall er i gang

Øyvind Havsgård, Atle Kvåle, Rune Helland og Rannveig Næss - Klikk for stort bilete

Grunnarbeid og arbeid med vegomlegging i samband med ny idrettshall er i full sving. Entreprenør Kjosaas Maskin har fått arbeidet med å ferdigstilla ny veg og ei ferdig planert byggetomt for idrettshall innan utgangen av oktober.

Første byggetrinn

Det ein kallar første byggetrinn i hallprosjektet har ein prislapp på vel 9,5 millionar kroner. Vegen som går til Stallabrotet, skal leggjast om for å gje plass til idrettshallen som ein del av idrettsparken. Entreprenør Kjosaas Maskin vann tilbodskonkuransen på grunnarbeidet. I starten har dei engasjert Helland Hogst AS som underentreprenør til å rydda skog og kratt. 

Prosjektleiar hjå Kjosaas Maskin, Ranveig Næss, seier at grunnarbeidet vert trappa opp i tida som kjem med meir utstyr på plassen. I kontrakten ligg det at dei skal levera ein ferdig omlagt veg og ei byggeklar tomt for idrettshallen innan utgangen av oktober 2016.

Prosjektleiar i Fusa kommune, Øystein Havsgård, opplyser at målet er å ha tilbodsgrunnlaget for sjølve bygget klart før ferien, og vidare at kommunen får inn prisar tidleg på hausten.

Ordførar Atle Kvåle kunne, under synfaringa sist veke, med gleda konstatera at idrettshallen er i rute. 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30