Aktuelt frå kommunen
Vindauga med geranium og kvite gardiner i Andersstova | Fotograf: Anne Martinsen
Illustrasjonsfoto fotograf Anne Martinsen

Bustøttemottakarar må gje samtykke

I januar 2013 kjem ny bustøttelov. I følgje den nye lova kan ikkje Husbanken handsama bustøttesøknader før dei har motteke nytt samtykke til behandling av personopplysningar. Dei har difor sendt brev med samtykkeskjema (PDF, 550 kB) til alle som fekk bustøtte for oktober 2012. Det er svært viktig at alle svarer på dette skjemaet.

Kva betyr samtykke?

Når Husbanken kvar månad handsamar bustøttesøknader, hentar dei inn ein del opplysningar frå andre register, m.a. Skatteetaten og NAV. Samtykke betyr at ein er informert om kva register Husbanken hentar opplysningar frå, og underskriv på at Husbanken kan innhenta, lagra og bruka desse opplysningane.


Kven må gje samtykke?

Den nye lova krev at det vert innhenta nytt samtykke frå

  • alle som mottek bustøtte i dag og ønskjer å halda fram med det frå januar 2013

  • alle over 18 år i husstanden

Korleis gjev ein samtykke?

  • Les informasjonsbrevet frå Husbanken

  • Skriv under på samtykkeskjemaet - alle vaksne i husstanden skal vera lista opp

  • Send skjemaet inn i den ferdig frankerte svarkonvolutten, som er adressert til Kollektor AS (dei skal skanna og maskinlesa skjema)

Dei som ikkje har sendt inn samtykke, kjem til å få purring i midten av desember.


Treng du hjelp?

Dersom du har spørsmål, kan du finna meir informasjon på Husbanken sine nettsider. Der kan du òg sjå kva du skal gjera dersom du har mist skjemaet eller svarkonvolutten, eller dersom det er svært vanskeleg å innhenta samtykke frå nokon i husstanden.

Har du spørsmål du ikkje finn svar på der, kan du kontakta NAV Fusa v/sosialkonsulent Synne Stagrim Håve - tlf 53 04 47 48. (Sjå informasjon om bustønad på heimesida til Fusa kommune

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30