Aktuelt frå kommunen

Bufellesskap på Fusa hausten 2016

Hagearbeid - Klikk for stort bilete

Fusa kommune skal frå hausten 2016 etablera eit bufelleskap for mindreårige flyktningar i den tidlegare prestebustaden på Fusa. Fredag i forrige veke var det dugnad i den flotte prestegardshagen der vaksne flyktningar, som alt er busett i Fusa, gjorde naudsynt vårarbeid.

Fusa kommune har politisk vedtak om å busetja 7 einslege mindreårige flyktningar i 2016. Fusa kommune har inngått leigeavtale med Opplysningsvesenets fond om å leiga prestegarden på Fusa i 5 år frå 1. mai 2016.

Fusa kommune ønskjer å busetja 5 ungdommar i eit såkalla bemanna bukollektiv i den tidlegare prestegarden, der dei unge vil ha oppfølging av vaksne 24 timar i døgeret. Ein vil i tillegg arbeida for at 2 einslege mindreårige flyktningar kan bu i fosterheimar i Fusa. Det vil bli invitert til informasjonsmøte om mottak av einslege mindreårige flyktningar tidleg i juni. 

Dugnadsarbeid - Klikk for stort bilete

 

Dei flyktningane som vart busett i Fusa i 2014 og 2015, deltok fredag i førre veke, i lag med andre frivillige på dugnad i hagen på prestegarden. Dugnaden var ein del av  deira obligatoriske introduksjonsprogram, der dei også skal læra om norske tradisjonar som m.a. dugnadskultur.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 09.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30