Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik A. Thorsen
Budsjetthaust 3 fotograf Fredrik A. Thorsen

Budsjettutgreiinga for 2013 er klar

Rådmannen sitt arbeidsnotat med utgreiing av premissar for årsbudsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 (PDF, 10 MB) er levert politikarane. Budsjettarbeidet har vore krevjande. Fusa kommune må gjera innsparingar på drifta for å dekkja inn ein manko på ca 11 mill kroner. Utgreiinga frå rådmannen syner moglege innsparingar og kva konsekvensar det kan få. Framlegga til innsparingar byggjer på føringar og innspel gitt av formannskapet (PDF, 322 kB), som 30. november skal koma med si tilråding til kommunestyret. Endeleg budsjett for 2013 og økonomiplan for 2013-2016 vert vedteke av kommunestyret 19. desember.

I 2013 skal Fusa kommune levera tenester til innbyggjarane for ca 266 mill kroner (brutto). 


Manko på 11 mill

Hovudårsakene til gapet på ca 11 mill mellom inntekter og utgifter er:

  • ubalanse på kr 4 mill for heile perioden i noverande vedtekne økonomiplan (2012-2015)

  • urealistisk høgt vedteke skatteanslag

  • nedgang i folketalet og dermed redusert rammetilskot frå staten 



Innsparingsframlegg etter politiske føringar

Rådmannen presenterer i år eit arbeidsnotat som ikkje viser eit budsjett og økonomiplan i balanse. Dei første føringane frå formannskapet (24.9.) omfatta innsparingar på kr 8,761 mill. Dette er innarbeidd i talbudsjettet/rammene til dei ymse einingane for 2013. Arbeidsnotatet viser no ein manko på 2,774 mill for 2013 som aukar til 5,633 mill i 2016 - siste året i denne økonomiplanperioden.

Arbeidsnotatet gjer òg greie for konsekvensar ved dei innarbeidde innsparingane og ved yttarlegare innsparingar. Desse konsekvensvurderingane skal gje politisk system grunnlag for å gjera sine politiske prioriteringar.


Sjekkliste

Rådmannen gjev i dette arbeidsnotatet politikarane ei sjekkliste med til det vidare arbeidet med leggja fram eit budsjett i balanse. Den innheld viktige spørsmål:

1. Greier vi å yta treffsikre kommunale tenester med dette budsjettet?
2. Greier vi å ta tak i utfordringane i folkehelserapporten?
3. Kva kan/må vi leva med?
• At tenestetilbod forsvinn heilt?
• At tenestetilbod vert mykje dyrare?
• At tenestetilbod vert flytta?
• At kvaliteten på tenestetilboda vert redusert?
4. Vert nokon deler av innbyggjarane råka særleg hardt med dette budsjettet?
5. Greier vi å skapa tilflytting med dette budsjettet?
6. Greier vi å utføra lovpålagde oppgåver med dette budsjettet?
7. Greier vi å gjera grep i tråd med tilrådingar i verksemdsanalysen frå KS?
8. Greier vi å få orden på økonomien, slik m.a. k-barometeret peikar på?
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30