Aktuelt frå kommunen

Budsjettmøte i formannskapet 26.11.2014

Formannskapet skal drøfta budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 og koma med si tilråding i møtet 26.11. kl 13.  

Rådmannen la fram sitt arbeidsnotat (PDF, 6 MB) i byrjinga av november. I følgje kommunelova er det formannskapet som skal gje tilråding i både budsjett og økonomiplan. Det skjer 26.11.

Budsjettsaka vert òg lagt fram for Ungdomsrådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i deira møte 25.11. for uttale.

Tilrådinga frå formannskapet skal leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 14 dagar før kommunestyret handsamar og fattar endeleg vedtak i saka 18.12. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30