Aktuelt frå kommunen

Budsjettkonferanse 14. og 15.11.


Ei møteklubbe i bevegelse. Foto. - Klikk for stort bilete Formannskapet samlar seg til budsjettkonferanse 14. og 15.11. Konferansen finn stad på Thon hotel Bergen Airport på Kokstad, og er eit ope møte der dei som ønskjer det kan vera med som tilhøyrar. Det er oppstart kl. 9 den 14.11. og dagen vil verta prega av presentasjonar og dialog mellom politikarar og administrasjon. 

Den 15.11. er ein politisk verkstad med gruppemøte. 

Møtepapir til budsjettkonferansen finn du her. (PDF, 49 kB) Rådmannen sitt budsjettframlegg finn du her.  (PDF, 4 MB)

Budsjettkonferansen kjem i oppkøyringa til formannskapsmøtet 22.11. Då skal formannskapet gje si tilråding om budsjettet for 2018 og økonomiplan for 2018-2021 til kommunestyret. Det handlar om kva mål Fusa kommune skal setja seg, kva investeringar ein skal satsa på, kva nivå det skal vera på skattar og avgifter og kva tenester ein skal prioritera.

Kommunestyret er det organet som vedtek budsjett og økonomiplan. Det skal skje den 15.12.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 13.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30