Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik A. Thorsen
Budsjetthaust 1 fotograf Fredrik A. Thorsen

Budsjettframlegget frå formannskapet

I møtet 30. november vedtok Fusa formannskap framlegg til budsjett for 2013 (PDF, 154 kB) - inkl. avgiftsbudsjett for 2013 og økonomiplan for 2013-2016. Budsjettframlegget ligg ute til offentleg ettersyn til 19. desember, då kommunestyret skal handsama saka og fatta endeleg vedtak. 

Formannskapsfleirtalet, som har vedteke dette budsjettframlegget, består av representantane frå Sp (3), Frp (2) og H (1).

Framlegget omfattar ei rekkje nedskjeringar og auke i avgifter. Lurar du på kva som vert ramma av kutt? Det kan du sjå i denne oversikta over samla innsparingsframlegg frå formannskapet (PDF, 979 kB).

Det er høve til å koma med merknader til budsjettframlegget. Evt. merknader må vera motteke i postkasse@fusa.kommune.no eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast kl 09.00 onsdag 19.12.


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30