Aktuelt frå kommunen

Budsjettet for 2018 er no ute på høyring

Hender som held pengesetlar - Klikk for stort bilete

Fusa formannskap sitt framlegg til budsjett for 2018 - med prisliste (avgiftsbudsjett) - og handlingsplan med økonomiplan, ligg no ute til offentleg ettersyn. Kommunestyret handsamar budsjettsaka i møte 15.12. 

Eventuell merknadar må vera  motteke av post@fusa.kommune.no eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast onsdag 13.12. kl 10. 

Budsjettframlegget til formannskapet (PDF, 327 kB) er lagt ut til offentleg ettersyn. Ei detaljert liste over kva tiltak som er innarbeidd og ikkje i budsjettframlegget, går fram av eit eige tilleggsdokument (PDF, 119 kB).  

Framlegget til formannskapet  byggjer på rådmannen sitt budsjettframlegg (PDF, 4 MB) med avgiftsbudsjett (PDF, 3 MB) og vedlegg (PDF, 398 kB) og på notat (PDF, 302 kB) som deretter er laga i saka. 

 

Avgiftsbudsjettet (PDF, 3 MB) er tilrådd slik det framgår av rådmannen sin versjon datert 22.11. med følgjande tillegg:

Fusa kommune krev inn følgjande tilsynsavgift:

Ei årleg tilsynsavgift frå salsstader for tobakksvarer og tobakkssurrogat til forbrukar på 4500 kroner.
Frå midlertidige salsstader krev kommunen ei årleg tilsynsavgift på 1200 kroner.
Avgifta er heimla i § 24 i tobakkforskrifta.
 
Tilsynsavgifter for salstader i sak 69/2017 vert innarbeidd i framlegget til avgiftsbudsjettet.
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 05.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30