Aktuelt frå kommunen

Budsjettarbeidet for 2015

Budsjettarbeidet er ein lang prosess som startar allereie før sommarferien, og føregår for fullt utover hausten. Dette arbeidet er eit felles ansvar for politikarar og administrasjon. Tillitsvalde og andre medarbeidarar vert òg involverte i prosessen. Det er kommunestyret som vedtek det som skal vera neste års budsjett inkludert betalingssatsar, investeringar og økonomiplan for 4 år framover.

Vegen til vedtak

21.08: Presentasjon av konsulentrapportar som kommunestyret har bestilt, for politikarar, tillitsvalde og leiarar

01.09: Budsjettverkstad leiarane

11.-12.09: Budsjettkonferanse formannskapet

Sept:  Formannskapet vedtek føringar for administrasjonen/tenesteområda sitt vidare arbeid med budsjettet

04.11: Rådmannen sitt samla framlegg med premissane for økonomiplan 2015-2018 og budsjettet for 2015 vert levert til politikarane

26.11: Budsjettmøte i formannskapet, der formannskapet vedtek si tilråding til budsjett for 2015

18.12: Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 skal handsamast og vedtakast i kommunestyret

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30