Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Erik Vangsnes
Idrettsskule for utviklingshemma - eit folkehelsetilbod som vart sett i gang i 2011 i samarbeid med frivillig sektor fotograf Erik Vangsnes

Budsjettarbeidet er i gang

Fusa kommune skal i 2013 yta tenester til innbyggjarane for ca 265 mill. kroner. Kommunebarometeret for 2012 (PDF, 356 kB)syner at vi har gode tenester: Fusa kommune er rangert som nr 16 i landet og best i Hordaland. Men vi brukar meir pengar enn vi har. No er politikarar og administrasjon i gang med det vanskelege budsjettarbeidet, som er eit felles ansvar.

Kvar kjem pengane frå?

Om lag 1/3 av ein kommune sine inntekter kjem frå skatt, 1/3 frå rammeoverføringar frå staten og den siste tredelen frå lokale inntekter som t.d. betaling for tenester og eigedomsskatt. Fusa vert rekna som ein ”middels rik” kommune.

Ein analyse av kommunen sin ressursbruk (PDF, 7 MB)basert på KOSTRA-tal for 2011 syner at Fusa har eit inntektsnivå godt over landsgjennomsnittet, men brukar meir på dei fleste tenesteområde enn landsgjennomsnittet. Dette gjer at kommunen har eit svakt netto driftsresultat for 2011.


Kvar brukar Fusa pengar?

I norske kommunar går om lag 1/3 av pengane til skule/barnehage, 1/3 til pleie og omsorg og 1/3 til resten av dei kommunale tenestene. 70-75 % av budsjettet går til løn.

I Fusa går 36 % av totalbudsjettet til pleie og omsorg, 5 % til helse, 28 % til skule, 11 % til barnehagar, 9 % til administrasjon, styring og fellesutgifter og 11 % resten av dei kommunale tenestene.

KOSTRA-rapporten syner at Fusa har eit høgt kostnadsnivå på mange av tenesteområda. ”Det burde derfor være gode muligheter for å løse de økonomiske utfordringene man har i kommunen gjennom å etablere et nivå som er “godt nok”,” konkluderer rapporten.

No er både formannskap og administrasjon i gang med arbeidet med budsjett for 2013 og økonomiplan for dei komande 4 åra. Endeleg budsjett skal vedtakast i kommunestyret 19. desember.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.09.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30