Aktuelt frå kommunen

Budsjett 2019, økonomiplan 2019-2022

Norske pengesetlar - Klikk for stort bilete Rådmannen sitt framlegg til handlingsplan for Fusa kommune 2019, med årsbudsjett og økonomiplan for komande fireårsperiode, vart presentert for kommunestyret i dag 5.11. Sjå dokumentet (PDF, 3 MB).

I 2019 skal Fusa kommune levera tenester til innbyggjarane for 376 mill. kroner brutto. 

Rådmannen understrekar i si innleiing til budsjettdokumentet at 2019 vert eit spesielt og spennande år, der bygginga av Bjørnafjorden kommune vert den store oppgåva. "Samtidig skal vi framleis levera treffsikre tenester med god kvalitet og effektiv ressursbruk til fusingane - og avvikla Fusa kommune. Dette er hovudfokuset i budsjettet."

Budsjettprosessen vidare i november og desember

 

Dei folkevalde skal arbeida vidare med økonomiplan og årsbudsjettet fram mot endeleg vedtak i kommunestyret 13.12.2018. I tillegg skal arbeidsmiljøutvalet (AMU) ha saka til uttale før vedtak i kommunestyret.

  • Formannskapet har budsjettkonferanse 13. og 14.11.2018.
  • Måndag 19.11.2018 skal økonomiplan og årsbudsjett opp i arbeidsmiljøutvalet, ungdomsrådet, og senior- og funksjonsrådet til uttale.
  • Formannskapet gjev si tilråding i budsjettsaka onsdag 21.11.2018.
  • Formannskapet si tilrådinga vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst 14 dagar før kommunestyret handsamar saka i møtet 13.12.2018.

Budsjettdokument

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30