Aktuelt frå kommunen

Budsjett 2017 - økonomiplan 2017-2020

Assortert utval av norske pengesetlar. Foto. - Klikk for stort bilete

Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2017-2020 og årsbudsjett for 2017 (PDF, 4 MB). Måndag 14. november kl 17.00 vert det ope informasjonsmøte. 

Vegen vidare

14.11: Rådmannen presenterer budsjettdokumentet for kommunestyret og andre interesserte

23.11: Budsjettmøte i formannskapet, der formannskapet vedtek si tilråding til budsjett for 2017

15.12: Budsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020 skal handsamast og vedtakast i kommunestyret  

Handlingsplan for Fusa kommune

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  • kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
  • økonomiplan 2017-2020 (i tråd med kommunelova § 44)
  • årsbudsjett 2017 (i tråd med kommunelova § 45)

Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2016-2019 og statsbudsjettet for 2017. Arbeidet med det er forankra i politiske føringar frå kommunestyret og formannskapet.

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2017-2020 og årsbudsjett 2017.

Informasjonsmøte 14. november

Måndag 14. november kl 17.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen vert det orientering til kommunestyret om budsjettnotatet for 2017 og økonomiplan 2017-2020 ved rådmannen. Orienteringa er open for alle som ønskjer å vera til stades.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30