Aktuelt frå kommunen

Budsjett 2016 - økonomiplan 2016-2019

Ein stabel med norske myntar oppå eit teppe av norske setlar av ulik valør. Foto. - Klikk for stort bilete

Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2016-2019 og årsbudsjett for 2016 (PDF, 3 MB). Torsdag 12.11. vert det orienteringsmøte for kommunestyret. Møtet er ope for alle interesserte. 

Vegen vidare:

  • 18.11: Budsjettkonferanse for formannskapet

  • 25.11: Budsjettmøte i formannskapet, der formannskapet vedtek si tilråding til budsjett for 2016

  • 17.12: Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 skal handsamast og vedtakast i kommunestyret  

Handlingsplan for Fusa kommune

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  • kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)

  • økonomiplan 2016-2019 (i tråd med kommunelova § 44)

  • årsbudsjett 2016 (i tråd med kommunelova § 45)

Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2015-2018 og statsbudsjettet for 2016. Arbeidet med det er forankra i politiske føringar frå kommunestyret og formannskapet.

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2016-2019 og årsbudsjett 2016.

Kommunestyremøte 12. november

Torsdag 12.11.2015 kl 16.00 i Kommunetunet vert det orientering til kommunestyret om budsjettnotatet for 2016 og økonomiplan 2016-2019 ved rådmannen. Orienteringa er open for alle som ønskjer å vera til stades.

På saklista til kommunestyret står elles val av utval, råd og representantar for valperioden 2015-2019.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30