Aktuelt frå kommunen

Budsjett 2015 - økonomiplan 2015-2018

Norske kroner og myntar - illustrasjonsfoto frå KS. - Klikk for stort bilete Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2015-2018 og årsbudsjett for 2015 (PDF, 6 MB). Måndag 10.11. vert det orienteringsmøte. Formannskapet skal 26.11. koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 18.12. 

Handlingsplan for Fusa kommune

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  1. kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
  2. økonomiplan 2015-2018 (i tråd med kommunelova § 44)
  3. årsbudsjett 2015 (i tråd med kommunelova § 45)

Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2014-2017 og statsbudsjettet for 2015. Arbeidet med det er forankra i politiske føringar - frå kommunestyret i K-sak 035/13, frå formannskapet i F-sak 001/14 og formannskapsmøte 19.09.2014 og 22.10.2014.

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2015-2018 og årsbudsjett 2015.

Ikkje saldert budsjett

Rådmannen legg i år fram eit arbeidsnotat der budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 ikkje er saldert, i tråd med føringane frå formannskapet. Sjå meir i rådmannen si innleiing til budsjettdokumentet (PDF, 6 MB)

Orienteringsmøte

Måndag 10.11.2014 kl 18.00 i Kommunetunet vert det orientering til kommunestyret om budsjettnotatet for 2015 og økonomiplan 2015-2018 ved rådmannen.

Orienteringa er open for alle som ønskjer å vera til stades. Dette er eit tilbod til politikarane, og det er ikkje møteplikt.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30